Nye fordelar for kundeklubbmedlemmane våre!

Er du medlem av vår kundeklubb må du huske å benytte deg av dei faste gode tilboda som ligg på medlemsbeviset som du kan laste ned på telefonen din. 

Er du medlem og ikkje fått lasta ned medlemsbeviset så går du inn her http://hhforde.no/om-oss/kundeklubb/ så får du lasta ned medlemsbeviset til telefonen din.

Er du ikkje medlem av kundeklubben , meld deg inn ved å sende hhførde til 2242. 

Vi har faste gode medlemstilbod på melemsbeviset vårt og no får du: 

- 30 % på ei valfri vare til ordinær pris på Kitch`n 

 

- 10 % på alle bukser på Vero Moda og Jack & Jones

 

- 25 % på heile kjøpet v/kjøp over 300,-  (gjeld ord. varer) på Kremmerhuset

15,- for Softis (90g) uten strø på Narvesen

Du kan legge deg inn på Rica Sunnfjord Hotel & Spa for ein billeg penge

750,- for enkeltrom  og 950,- for dobbeltrom. Inkluderer rom /frukost i standard - rom. Spesialpris inngang sunnforjd SPA for hotellgjester: 150,-

(tilbodet gjeld ved ledig kapasitet og det må refererast til tilbodet ved bestilling)

(bilde frå Rica Sunnfjord hotell & spa si nettside)

299,- for Touch of Nikita shampoo, balsam og kur (veil 487,-)

449,- for Eva Solo termokanne i stål (veil 899,-) på Tilbords



Velkommen til kjekk handel hos oss på Handelshuset :)

28.05.2014

 

LARRIS-utstillinga på Handelshuset!

LARRIS-utstillinga er eit utstilling av kunstverk laga av barn på barne- og ungdomsskular i Førde, i Vevring, i Eikefjord og på Vassenden. Laurdag 31. mai blir samtlege kunstverk utstilt på dagtid på eit areal ved Rådhuset i Førde (under taket). Her kan publikum by på nokre av kunstverka. Alle inntekter frå utstillinga og auksjonen skal gå til lokale trivselstiltak som elevane sjølve er med på å bestemme. Elevane har lete seg inspirere av Kjartan Slettemark, Oddvar Torsheim og Nikolai Astrup osv- og eigen fantasi. Fantastisk flott er utstillinga blitt, og Handelshuset er så heldige å få vise fram noko av kunsten på LARRIS-utstillinga før den skal utstillast ved Rådhuset.

 

I dag kom nokre av elevane frå 7 klasse ved Førde barneskule for å henge opp dei flotte kunstverka sine som er inspirert av Claude Monet.




 

 

 

Her viser Tarald Bakke Grimeland, Sigve Mandelid og Karoline Aarseth Folkestad fram sine maleri

Sebastian Tveit foran sitt verk

 


og Andreas Timberlid Soyanov foran sitt maleri.

 

 

Flinke sant? 

Når du går over skywalken anbefaler eg å sette dykk ned å ta ein titt på desse flotte kunstverka som elevane frå Førde barne- og ungdomskule har laga.

 

På laurdag er det show på skywalken!

 

Som en del av festivalen LARRIS vil det bli Show på Handelshuset, Skywalken, laurdag 31 mai kl 12.30 med dansegruppa VRENGT (som er ein del av Dans Utan Grenser) og UKM-vinnarane Martine Håland frå Fjaler, Sander Østby Birkeland frå Førde og Charlotte Hjelmeland og Fride Roska frå Førde. Martine Håland var ein av dei 5 UKM-vinnarane som tidlegare i år kvalifiserte seg for den nasjonale UKM-finalen. 16-åringen skriv eigne låter, og blir av mange spådd å ha ei lysande karriere innan musikken. Sander, Charlotte og Fride markerer seg stadig sterkt på musikkscena, og Sander har mellom anna vunne MGP Lokal og stått framfor 3000 menneske på MGP-scena i Florø.  Saman med den talentfulle dansegruppe VRENGT vil Martine, Charlotte & Fride og Sander lage eit flott show på Skywalken laurdag 31 mai. Alle skal stå på festivalscena til LARRIS på Rådhusplassen seinare på dagen.

 

 


 




 

Tek du turen innom Skywalken vil du altså både kunne sjå og høyre dei flotte kunst- og musikktalenta vi har i fylket!

Festtida er her!

 

No er vi inne i den store festsesongen med bryllaup, konfirmasjon osv. Vi på Handelshuset har så utruleg mange flotte kjolar. Her er noko for einkvar smak og lommebok. Eg tok meg ein rundtur rundt på butikkane for å sjå, og her har dåke ein liiiiiten smakebit på festkjolane vi har på senteret:

VERO MODA:

Gullkjole 350,-


Blondekjole (fins og i kvit) 400,-

H & M

Ane med kjole til 299,-



Kjole 199,-

MARCEL:


Veronica i lekker kjole frå Soaked 799,-

Kjole frå Mexx 1199,-

 

VIC

Kjole frå Floyd 1499,-

Kjole frå Floyd 1499,-

B-YOUNG:


Kjole frå SistersPoint 499,-

Kjole frå SistersPoint 499,-

 

MORE WOMEN:

Kjole 479,- Belte (smykke) 349,-

Kjole 999,-

 

ARKJA: 


Kjole frå Tia 1999,- Jakke frå Tia 899,- smykke 399,-


Kjole frå Ilse Jacobsen kr 1199,-

 

MATCH:

Kjole frå Free Quent 499,-


Anne med kjole frå Va Vite 999,-

(Fargane på kjolane kan avvike frå orginal då lyset på noken av bileta blei litt so som so)

Velkommen til kjolehandel hos oss :)

VIP jentekveld på MATCH

Match har i samarbeid med Synnøve Sorthe, Gründer av Piaf Modeller og Synnøve Sorthe Photography laga til VIP kveld for sine kunder. 

Synnøve reiser rundt i heile Norge med sine kundekvelder, og på  sin blogg www.modellmamma.blogg.no skriv ho  " «Modellmamma» siden 1987 for modeller i ALLE varianter, unge, gamle, tynne og tykke. Utdannet Makeup artist og stilkonsulent, Kursholder innen MAKEUP, BLI-NY OG MODELLKURS, med mål å få deg til å FØLE DEG VEL, TRO PÅ DEG SELV, OG SETTE PRIS PÅ DEG SELV! Lidenskapelig opptatt av FOTOGRAFERING" Og det er vel noko vi alle kunne bli flinkare til; føle seg vel, tru på seg sjølv og sette pris på oss sjølv? 

Denne kvelden skulle Synnøve gi tips om makeup, farger/stil, og tar flotte portrettbilete av alle i vårens nye moter.

Damene blei møtt med rød løper, frukt, wraps, godteri og bobbler i glaset



Damene skulle lære å ta i mot og gi kompliment, slappe av, stresse ned og berre kose seg

 

Dei skulle bli sminka i fargane dei kledde best, og finne kle dei var komfortabel med, styla på håret av frisørar frå Hårologisalongen før det var fotografering.




Alle fikk kyndig hjelp frå dei dyktige jentene på Match

Dei var fleire som hadde tatt vegen langveis frå og ei av dei var Siv Maren Hetleberget som bur på Kyrkjebø. Ho fortel at det er andre gangen ho deltek på eit slikt arrangement, og at dinna gangen tok ho med seg fire arbeidskollegaer. - kjempekoseleg, ha god tid og ingen menn som sitter å kjeder seg og ser på klokka, ler ho. Ho var godt fornøgd med kjøpet (denne kvelden fikk alle - 20 % på det dei handla) Kjekt med nåken fargerike kler til våren sier ho.

Ei anna som hadde tatt turen var Beate Pedersen frå Hyllestad. Ho ville vere med for ho syns det virka veldig kjekt og så er eg jo jente og då er det jo kjekt med slike kvelder, smiler ho. Ho seier og at det å få hjelp av profesjonelle til å sjå kva ein kler, og dette med at ein lever litt i sin eigen stil og at ein kan få tips på kva ein kan passe, som du kanskje ikkje hadde sett sjølv at du kler er og ein grunn til at ho deltar på dette arrangementet. Og så er det litt kjekt å bli dulla med og då, og ikkje minst få tips på kva fargar som kler deg. 

Firda sin journalist Mathilde Torsøe var og der for å dekke saken. Du kan lese den på nettsida til Firda i dag og i morgon kjem det ein artikkel i Firda. Kjempekjekt at dei ville komme :)

Før bildetakinga blei damene kursa i korleis dei skulle stå. Synnøve fortel at det er viktig med rett positur, står du feil kan du legge på deg 5 kg på biletet! (det var eit eller anna med den bakerste foten, du skal stå på den og vri deg litt, skjønner?)



Alle fikk og goodiebag før dei gikk (og vi eeelsker jo goodiebags ikkje sant?)

Ikveld er det klart for ein ny VIP kveld på Match og eg er sikker på at dei som skal vere med ikkje kjem til å bli skuffa :)

 

 

 


 

Vår inspirasjon med nytt magasin

Akkurat no held vi på med vårmagasinet til Handelshuset. Det er mykje som skal gjerast før eit magasin går i trykken. Tema skal velgast, modellar skal finnast, bilder skal takast, produkter skal plukkast ut, annonser skal lagast osv

Vi bruker alltid modellar som har tilknytning til huset. Mikal Solheim Eriksen (mamma Terese Solheim jobbar på Bare Barn) og Martine Nydal Kvien (mamma Ann Mari Nydal jobbar på Enklere Liv) skal vere covermodellar denne gangen. Men først  bar det opp i fotostudioet til vår fotograf Vidar Helle for å  ta bilete av vårnyheiter frå Bare Barn

 


Litt nasepussing må til :)

Så var det tid for coverbilete. Så skjønne, tolmodige og flinke modellar skal ein leite lenge etter :)

Men det er jo litt kjekt og, når is skal vere med på biletet...

Vår er jo den store festtida, så Tilbords dekka eit flott bord til oss for å vise korleis ein kan gjere det til den store festen.

Øystein Myrkaskog som jobbar på senterkontoret måtte trå til som modell for å vise vårmoter frå Match  og TrudeTenold frå Rein Design er med for å sjå at alt blir slik som ho vil ha det. Det er ho som designar magasinet vårt. 

Veronica Kalstad viser vårmote frå Marcel

Vår er også konfirmasjons tid, Gabriel Dale (sønnen til Karita Dale som jobbar på More Women) viser oss ein stilig dress frå Vic

Jeanne Rita på Ranels Parfymeri sminker den andre konfirmasjons modellen vår Sofie Farsund Bolsø,(datter av Malin Farsund på H&M)

Sofie har på seg ein flott kjole frå b-young

Og når alle bileta er tatt og Trude har satt opp magasinet, då må vi sjå om alt er med og om noko skal endrast.

Kva slags bilete skal vi bruke på framsida? Vanskeleg... Det var så mange fine bilete av desse to... 

No er det berre småplukk igjen og magasinet skal snart sendast til trykk. Vi gler oss til å vise dykk resultatet :)
Magasinet kjem i postkassa di 8 april!

Bryllaupskveld

Igår var det bryllaupskveld på Tilbords. Dei hadde invitert med seg Bellis Blomster, Mestergull og Ferske Smakar for å hjelpe og tipse kommande brudepar.



Dei som tok turen blei møtt med kakesmaking frå Ferske Smakar.



Gudrun Johanne og Anette hadde diska opp med fleire smaksprøver, og gjett om dei var gode!


 moms moms

Og flotte bryllaupskaker hadde dei laga også!




Anette har erfart at alle brudepar er ulike. Nokon bestiller ei veke før bryllaupet (absolutt ikkje å anbefale), mens andre bestiller allereie eit år i forvegen. Det kan vere lurt å vere ute i god tid slik at ein får den kaka ein ønskjer seg seier ho. Både Gudrun Johanne og Anette er utdanna konditorar og brenn for faget. På facebooksida deira kan du sjå ein mengde med flotte kreasjonar dei har laga, og all pynten er handlaga! Dei hjelper med å finne smakar som passar perfekt saman med kvarandre etter dine ønskjer. På kafeen i 3 e. finn du og eit utval av dei gode kakene i kakedisken. 



Eli på Mestergull fortel at Lykkeringane til Mestergull er eit fantastisk konsept der det ikkje er nokon avgrensingar på kva du ønskjer. Dei har ringar i gull, kvitt gull, platina, m diamant, farga diamantar, mønster, ulike overflater osv osv. Eli anbefalar å gå inn på lykkeringene.no å sjå, eller komme inn i butikken for inspirasjon og veiledning. På Mestergull har dei ringar i alle prisklassar så her er det noko for alle.

Bellis Blomster har laga nokon nydelege bukettar for anledingen. Dei har og laga festbord dekorasjonen som ligg på eine inspirasjonsbordet til Tilbords. 



Dei kan lage den buketten du ønskjer eller dei kan hjelpe deg med å finne ut kva du ønskjer. Dei elsker jobben sin og det ser du virkeleg i dei bukettane dei lagar. 

På Tilbords hjalp Siri og dei andre jentene brudepara med å skrive ønskjelister. Dei veileder deg gjennom vareutvalet og set ønskjelistene opp slik at det er noko i alle prisklassar. Det er veldig greitt for gjester, naboer og ellers dei som vil gi brudeparet ei gåve på den store dagen. Då får brudeparet noko dei ønskjer seg og det er mindre sjangse for bytte bonanza i tida etter bryllaupet. 

Asgeir Holsen var ein av gjestane denne kvelden og han syntest det var veldig nyttig og greit å vere med på ein slik kveld. Han sa dei hadde fått eit bedre blikk av kva dei vil ha på den store dagen. Ellen Marie (den vordene brud) nikka einig. 

 

På lørdag er det beach-party!




For å feire at vi snart går inn i dei deilige sommartider, ønskjer  Peppes Pizza å invitere deg til beach-party lørdag 29.3 kl.11.00 - 23.00!

Kom innom for ein herleg matopplevelse og god sommarstemning! På dagtid vil det bli morosame aktivitetar for dei yngre, blant anna pinata og limbo-konkurranse. Og på kveldstid skrur dei opp temperaturen og lagar litt ekstra sommarstemning!

Utfordring: Kle deg i ditt mest sommarlege antrekk, og bli med i trekninga av ein tre retters middag for to!

Minner også om at alle som et deira fantastiske Freestyle California pizza får 50 kroner i avslag og er med i trekninga av ein tur til CALIFORNIA!

Velkommen skal du være!:)

Silkemjuk hud og naturleg glød

Idag har eg lyst å tipse om nokon flotte produkt dei har på Ranels Parfymeri. 

Sensai sin pleiande foundation som gjer huda di silkemjuk og gir deg ein fin og naturleg glød.

Damene på Ranels fortel at, for å få den flotte finishen på make-upen er det viktig med eit godt grunnlag. Det er derfor viktig med rens av huda morgon og kveld. "Når du renser huda med Cleansing cream og Creamy soap får du den perfekte rens for huda di", seier Jeanne Rita. Og akkurat no får du med dobbel rens i reisestørrelsar (verdi 200,-) ved kjøp av valfri Sensai Foundation!

Velkommen innom :)

JIPPI! VI HAR PRISFEST!

Endeleg er Prisfest dagane her. 20 - 22 mars har vi supre prisar og festpynta hus :)



 

Vi har eit fullstappa program med aktivitetar i butikkane, pallesal og konkurransar!

 

På Ranels har dei gratis lakkering av negler i butikken torsdag og fredag kl 12 -18

Få smykkeringane til å skinne igjen på Bjørklund. Demonstrasjon og forklaring av bruken av diverse rense - og pussemiddel.

På Vita har dei Make-up legging frå kl 13 - 15 og demo på Alessandro hand og fot produkter frå 15 - 17!

Idag har dna realsefest! Du får skrapelodd der du kan skrape deg fram til prosentavslag! - 5 - 10 - 15 - 20 % avslag på vårens nyheiter!

På laurdag kl 13 er det Hotweel-konkurranse på Ringo! Køyr så ford du kan med tøffe hotweel-bilar. Premiar til alle som deltar!

Gjett prisen på handlevogna og vinn innhaldet på Spar!

Vi har meir...! vi har finn flaskeposten konkurranse, finn ut kven jobbar kvar konkurranse, lykkehjul på facebook, ansiktsmaling på laurdag, maskotar med godteri m.m

Velkommen til kjekke Prisfestdagar på Handelshuset! 





No kan du få sushi på Restaurant Bambus

No kan du endeleg få fersk sushi i Førde.

Sushi er Japans nasjonalrett og består av ris, saman med dirverse toppingar i alle regnbogens fargar (for eksempel fisk, skalldyr eller kylling). Det er ein vanleg misoppfattning at all sushi inneheld eller består av rå fisk. Rå fisk er ein viktig ingrediens, men brukast ikkje i all sushi. Tempura f.eks er sushi som er frityrsteikt.

15. mars  presenterer dei nye rettar frå Asia, tør du å smake?

Her er ein frityrsteikt crispy kylling i tempura batter, toppa med søtleg teryaki saus som skiller seg frå dei andre sausane du har smakt før på restaurant Bambus. Ei ei herleg smaksoppleving. 

 

California maki, ein amerikansk versjon av maki. Den blei kjempe populær i USA då dei introduserte sushi for amerikanerane. 

 

Ein tradisjonell tallerken sushi, med laks, tunfisk og scampi (ebi) 



Lakse maki

Minner alle på å vere forsiktige med wasabien, den er stææærk :)

 

Velkommen innom for ein ny og herleg smaksoppleving!

 

 

Nye fordelar for kundeklubbmedlemmane våre!

Det lønnar seg å vere medlem av kundeklubben til Handelshuset. Vi har eige medlemsbevis som du kan laste ned på telefonen din og der ligg det kundeklubbtilbod som gjeld for 3 mnd.

Akkurat no så er det desse tilboda som gjeld: 

Tilbords: Rosendahl GC skålsett (ordinær: 389,-) Kundeklubbtilbod: 189,-

 

Vero Moda: Kjøp for 1000,- få - 100 kr i rabatt

Jack & Jones: kjøp for 1000,- få - 100 kr i rabatt.

Mestergull: Gratis smykkerens

Bagorama: - 100 kr. rabatt på varer frå Guess

Bellis Blomster: - 20 % på alle potter.

 

Er du enda ikkje medlem av kundeklubben kan du enkelt melde deg inn ved å sende melding med kodeord: HHFørde til 2242 eller gå inn på http://hhforde.no/om-oss/kundeklubb/. Er du allereie medlem, men ikkje har lasta ned medlemsbeviset så går du og inn på nettsida vår, trykker på : er du meldem fra før

Når du melder deg inn så krysser du av for det som interesserer deg, du får tilbod som passar til deg. Det er gratis å motta melding og det kjem opptil ca 4 meldingar pr mnd. 

Kaker kaker kaker

Karamellisert sjokolademousse, vaniljefromasj og browniesbunn, trekt med karamellglasur... mmm... kake...  "alle" liker kaker og på Ferske Smakar lagar dei kaker i alle variantar og med utallege smakar og til alle anledningar. Desse damene kan bake! Eg var inne på facebook sida deira og tenkte at ditta må eg vise dykk!

Eit lite utval dåpskaker dei har laga: 

 

 

Bryllupskaker: 




Bursdagskaker: 














Lyst på kake no? Det har hvertfall eg!

Dei lager kaker på førespurnad, det er berre å kontakte dei på tlf 48141912, 90657720, post@ferskesmakar.no, eller gå oppom dei i 3.et på Handelshuset sør. 

 

For fleire fristande bilete gå inn på facebooksida deira eller på nettsida http://www.ferskesmakar.no/

Nokre salstips frå butikkane på Handelshuset

Januarsalet er godt igang på Handelshuset. Det er framleis mogleg å gjere gode kupp under salet.  Eg har vore ei runde på nokon av butikkane våre, der eg har spurt dei ansatte kva dei vil anbefale kundane å kjøpe no når det er sal.



På The body shop har dei no bestselgarane mango, oliven og shea bodybutter 300 ml (mykje større enn vanlig stor boks) til 179,- (verdi 265,-) og 750 ml dusjsåpe i blandt anna moringa og oliven duft til 169,-  (ord 267)

På Din Sport har dei Ferrino skidress på - 35 % rabatt . Perfekt no som skisesongen endeleg er i gang! Dei har og satt ned prisen på mange modellar skibriller.


Dagfrid Mari på dna seier ho vil anbefale å kjøpe sko med god såle og varmt for, no når det er så kaldt og glatt ute. Desse skoa får du no på - 50 % (+ veeldig mange andre stilige og varme sko)

På B-young har dei ein heil vegg med flotte ytterjakker i alle fargar og fasongar til - 50 % Her finn du garantert ei jakke som held deg varm i vinter. (på biletet ser du kun eit lite utval)


Damene på Bare Barn anbefaler å kjøpe vinterdesstil barna.  Dei har stort utval i vinterdressar frå str. 74 til 140 i mange flotte fargar og mønster,  og no får du - 50 % på Reflex vinterdress og - 30 % på Reima vinterdress!!

No har Siri på Tilbords knalltilbod på kjøkkenmaskina alle vil ha! Kitchen Aid, cremefarga veil 5 999,- No 3 999,-!!

Dette er ei super kjøkkenmaskin,  den er enkel å bruke, har høg kvalitet og den ser i tillegg bra ut på kjøkkenbenken. 

Linn på Marcel vil anbefale gutta/menn å kjøpe seg ei god dunjakke no når dei får - 30 % på sesongens jakker


På Jack & Jones har dei - 30 % på ei mengd bukser og på Vero Moda har dei varme gode ytterjakker frå 200,-

Damene på Vic vil anbefale å kjøpe sesongens  skjorter til - 50 % og Ricco Vero skjorter til - 30 % . Dei har merkevareskjorter i alle fasonger og til alle anledninger

Dei har og masse herleg strikk til damene i gode kvalitetar til - 30 % Dei nevner og at dei har flotte ytterjakker til - 30 % på både dame og herre.

Eg må understreke at dette berre er eit liiiite utval av det som er på sal på Handelshuset! Det er berre å ta turen å sjå sjølv :)

Velkommen!

 

Nydelege julekaker frå Ferske smakar

Du treng ikkje stresse for å bake alle sortane til jul. Ferske Smakar har baka dei for deg. 



Er du ikkje nokon julekakemoms så har dei laga nydelege konfektbitar og




 

Leikelandet vårt har opna

No har vi opna 460 kvadratmeter stort leikeland.

Vi utvida deg "gamle" lekelandet med store legoklossar, klatrevegg, ulike spel og tv- krok.

 



 

Vi har og laga til eit eige bursdagsrom som vi leiger ut til barnebursdager. 

Dette kan du leige for 500,-  Peppes Pizza, Ferske Smakar og Deli Vita har laga eigne bursdagsmenyar som du kan bestille frå, eller du kan ta med din eigen mat. Her kan barna blandt anna ha diskotek eller leike i leikelandet.

Velkommen til oss på Handelshuset :)

Vi lagar julemagasin

Jula er ei travel tid og for oss er det ingen unntak. Akkurat no held vi på å lage eit nytt julemagasin som kjem ut 28. november. Med vårt julemagasin vil vi inspirere og komme med gode julegåvetips og forslag til korleis du kan kle deg i jula, både til fest og kvardags. Igår hadde vi fotoshoot med flotte modellar som alle høyrer til på huset. 

Her er fotograf Helle og Trude, (som er grafisk designer og har ansvaret for det grafiske arbeidet med julemagasinet og at julemagasinet ser flott ut) i gang med å gjere klart til forsidebilete. Modellen er Andrea frå Peppes Pizza.

Her er Andrea og Madeleine (og mammaen til Madeleine) med ei lita kanin, blir ditta bra skal tru?

Så fiine... (kvar er kanina?)

Trude jobber med framsidebilete

Vi har mange gode bilete å velge mellom, så eg er sikker på at ditta blir bra :) Vi gleder oss til å vise deg resultatet.

Enklere liv

Idag opna endeleg Enklere Liv her på Handelshuset. Dette er butikken som har produkt som gjer ein forskjell i kvardagen. Dei har ting du ikkje visste fantes, til utfordringar du veit du har. Det var til stor glede for mange at dei opna sin første butikk i Sogn og Fjordane og dei blei ønska velkommen av kunder i lang kø utanfor butikken når dei opna.

 

Dei har 20 % prosent på alt i dag! Så no er det berre å benytte sjangsen til å få kjøpt nokon smarte julegåver. 

Har du ei prinsesse med flokete hår kan denne Tangle Teezeren vere perfekt

Gode drikkeflasker som ikkje søler

Ein smart måte å pakke matpakken slik at den held seg fersk lenge

Er du kundeklubbmedlem får du ekstra god pris på denne massasje roboten


Og denne toner og trener leggane dine mens du gjer på andre ting! Den hjelper og med å forebygge åreknuter. Kjempesmart! 



Velkommen til ny og spennande butikk på Handelshuset :)

Vi gratulerer Peppes Pizza

 

 

 Peppes Pizza på Handelshuset vann prisen  "Årets restaurant" i Peppes Pizza, av 85 restauranter  er Førde best!

Vi er stolte over å ha dei på huset :)

 

 

 

Du kan og lese om dei i Firda, der kan du og sjå korleis dei lagar den gode pizzaen sin. Trykk på linken om du vil lese meir

http://www.firda.no/video/article6937063.ece

Har du forresten prøvd den nye freestyle California pizzaen deira? Det er ei ny pizzaoppleving som absolutt kan anbefalast :)

 

Velkommen!

Prisfest, Jarle Andhøy og Tangerudbakken

Huset er pynta til Prisfest!

Det er ekstra kjekt å gå gjennom huset under Prisfest dagane.



Har du framleis ikkje lest Prisfest avisa vår kan du gjere det her: 

http://issuu.com/mediebruket/docs/prisfestavis_hh_okt2013_web

 

 

 Kom og opplev Jarle Andhøy og Tangerudbakken for boksignering på Skywalken!

 



Laudag 19. oktober frå kl 12. 

Piratane frå Tangerudbakken er tilbake til dagleglivet etter eit ramsalt seglas med Jarle Andhøy. No er dei her for ei aldri så stor sjørøvarsamling, der Tangerudbebuarane sjølv står for showet. Så hal toppsegl - sett rev i smilebanda, for her vil alle og ein kvar merke at dei har ein sjørøvar i seg når deltakarane frå Tangeruddampen stiller for sjørøvartokt for små og store piratar! 

Dei signerer både bøker og cd`ar

Vi får og besøk av maskotane våre, dei deler ut ballongar m.m til ungane. Sissel og Marianne er sjølvsagt også på plass med pensel og ansiktsmaling, klar til å male dei små :)

 Ditta blir kjekt!!

Velkommen til oss :) PS! Vi har ope kvar laurdag til kl 18 :)

 

ROSA SLØYFE AKSJON 2013

Idag opna ROSA SLØYFE AKSJONEN 2013 på Skywalken.

Kreftforeninga og brystkreftforeninga  arrangerer Rosa- sløyfe aksjonen for 15. år på rad.

Årets aksjon setter fokus på  mammografi og mammografiscreening, som bidreg til tidleg oppdagelse og dermed reduserer dødelegheit av brystkreft. 

Dei opna med appell frå ordførar Olve Grotle 



Rosa sløyfe-aksjonen har og oppfordra born mellom 5 og 10 år til å teikne teikningar. Teikningane vert hengt opp på Skywalken og vil henge der ut heile oktober månad som ei markering av Rosa sløyfe-aksjonen. Blandt dei innleverte teiningane trekte ordføraren ut heldige vinnarar av gåvekort frå Handelshuset. 

Dansere frå Danseverkstaden v/Jorunn Reina dansa Rosasløyfe dansen og laga show for dei frammøtte.

 








Firda var her for å dekke markeringa, her er journalist Malene Birkeland sammen med Jorun Reina og Miriam Førde frå Danseverkstaden. 

Følg med i Firda så får du lese meir om kva som skjedde på skywalken :)

 

 

Nye fordelar for kundeklubbmedlemmane våre!

Har du ikkje lasta ned medlemsbeviset for kundeklubben til Handelshuset endå? Det gjer du lett ved å sende GRATIS sms til 2242 med kodeord: HHFØRDE. 

Du får då ein melding på telefonen din , følg det som står på meldinga så får du lasta ned medlemsbeviset ditt. På medlemsbeviset ligg det 7 faste tilbod til deg som er medlem. Vi har nett fått nye fordelar og desse er: 


1.  Napoleon : Grov Chiabatta m/spekeskinke og eggerøre eller m/brie og salami til kun 59,-

2. Norli:  -12,5 % på alle haustens nyheiter

3. Clas Ohlson: 99,- på Srutrekker Cotech 3,6 V (Veil 199,-)

4. Eurosko: - 100 kr på alle ordinære varer

5. Jack & Jones: - 100 kr ved kjøp over 1000,-

6. Tilbords: - 20 % på all krydder, kaffe og te frå Cemo (ps! kan virkelig anbefale potetkrydderet!!)

7. Vero Moda: -100 kr ved kjøp over 1000,-

Desse fordelane vil vare i 3 mnd og ligge på medlemsbeviset du får på telefonen din. 

I tillegg vil du som kundeklubbmedlem få sms hvis nokon av butikkane har andre kundeklubbtilbod. (maks 3-4 sms i mnd)

Økonomisko blir til SHOEDAY

I morgon onsdag 4. sept. skiftar Økonomisko navn til SHOEDAY.

Økonomisko er landets strøste lavpriskonsept på sko, og SHOEDAY skal no vidareføre konseptet i nytt navn og ny innpakning.

På SHOEDAY får du riktig sko til rett anledning og til riktig pris og no er vi spent på mottakelsen seier Ann Kristin Nigardsøy. Ho fortel og at med det nye navnet planlegg kjeden å øke bredda i kolleksjonen - uten å heve prisane. - sjølv om vi forandrar namnet, skal vi ikkje forandre kven vi er. Hos SHOEDAY får du fortsatt sko til 99,-. Samtidig kjem vi til å introdusere fleire spennande nye kolleksjonar framover med litt sterkare motefokus, som for eksempel vår nye kolleksjon Black.



Namneskiftet vert markert med opningsfest og - 20 % på alle ordinære varer fram til 7 sept.

Akkurat no held dei på å pynte til fest og pakke ut mange nye flotte varer

Ditta blir kjekt, ta turen innom du og :)

 

Velkommen!

 

KUNDEKLUBB KVELD

I morgon startar tidenes ryddesal på Vero Moda og Jack & Jones, men i kveld fikk medlemmane av Handelshuset sin kundeklubb sjansen til å gjere nokon salskupp før alle andre.

Først måtte butikken gjerast klar

Plakatane måtte opp





...og det er Ingen fest uten heliumsballongar :)



Då Ingeborg opna portane,storma handlelystne damer og menn til.

 

 

Kjekt å sjå at så mange ville ta turen i kveld og er du du snar så rekk du å gjere nokon salskupp du og, dei har nemleg ope til kl 2230 idag.

Hvis du ikkje er medlem av kundeklubben så melder du deg enkelt inn ved å sende SMS med kodeord: hhførde til 2242 eller gå inn på linken her: http://hhforde.no/om-oss/kundeklubb/

Velkommen :)



 




 

Laurdagsope til kl 18



Frå og med i morgon har vi på Handelshuset ope til kl 18 kvar laurdag :)

Vi deler og ut 6 gåvekort på 600,- !

I alle butikkane på Handelshuset ligg eit slikt lodd:

 

 Alt du treng å gjere er å fylle ut navnet ditt på eit lodd i den butikken du handlar i, ta med deg loddet og legge den i kassa vi har på Skywalken.

 Du må vere der under trekkinga som er kl 17.50. 

Vi skal feire med ettermiddagskake på Skywalken frå kl 16.00 laga av jentene på Napoleon (også kjent som jentene frå Ferske Smakar)

 

 

Vi skal ha ansiktsmaling for barna kl 1530 - 1730



 og maskotane våre kjem for å dele ut ballongar og klemmar til borna. 


Dei har forresten fått seg namn!

Hels på Kua - Shira, Kanina - Pelle og Elefanten - Elle

Sara - Elise Wergeland døpte kua, og Marita Sunnarvik var det som døpte kanina og elefanten. Det kom inn mange flotte og kreative navn. Tusen takk til alle som har deltatt i namnekonkurransen.

 

Velkommen til senteret som har ope for deg, kvar laurdag til kl 18!

 

 

 

 

 

KappAhl på Handelshuset er 10 år!

 

KappAhl på Handelshuset feirer 10 års jubileum med twist, brus og ballongar. Her kan du lese kva som sto i Firda for 10 år sidan når dei opna :



Dagens feiring:

 



Dei har 25 % rabatt til alle Coop medlemmar. - 100 kr på alle jeans til dame og herre og - 50 kr på alle jeans til barn.

Sissel på KappAhl fortel at butikken er full av haustens nyheiter. Dei har mange gode jeansmodellar, masse av haustens strikk og toppar med dyreprint, som er ein av haustens must. Fargane går mykje i svart, burgunder, brunt og grått. Toppar, skjørt og bukser med "skinn" detaljer er også ein av haustens trendar seier Sissel.

Vi gratulerer med 10 års jubileumet og seier lykke til med dei neste 100 :)


 

Once in a lifetime


(foto: Fotograf Helle)

Då jentene frå Øyrane videregåande var her for å "bli ny" , var også Kristine frå Fylkesmagasinet her for å dekke saka. Det blei heile 5 sider i Fylkesmagasinet, og ei av jentene vart til og med "covergirl" for FM.

Her er Cathrine på framsida av Fylkesmagasinet. 

Her  kan du lese saka og sjå fleire flotte bilete frå kvelden. 

 

 

Her er filmen

video:minner fra handelshuset720p


Vi har som dei fleste har fått med seg laga ein profileringsfilm for Handelshuset. Det vil sei Reklamebyrået Rein Design med Ivar Nesheim i spissen har laga filmen for oss. Vi er svært nøgd med resultatet og deler den her på bloggen for dei som ikkje har fått sett den endå. 

Vi lagar profileringsfilm for Handelshuset

 

Det blir ein flott film om "minner" fra Handelshuset. Vi gleder oss til å sjå resultatet. 

Det blei ein super kveld!

På tirsdag hadde vi besøk av fem flotte jenter fra Øyrane Videregåande skule. Dette er ein fantastisk gjeng som vi ville gjere litt ekstra stas på.



 Til stormande jubel  fikk Jane, Siw, Astrid Helene, Cathrine og Nina kvar sin "goodiebag" fylt med gåver frå nokon av

butikkane på Handelshuset og etter litt påfyll av frukt og "champagne" satte vi igang. 

  

Først ut var det å finne seg nokon fine klede. På l Marcel fikk Nina og Siw tips og god hjelp av Veronica.

                                                                  (foto: Kistine Slettehaug)

På Vero Moda  var stemninga like god, og Silje var i full sving med å hjelpe Catrine, Astrid Helene og Jane til å finne noko fint å ha på seg.

Då alle var godt fornøgd bar det vidare til hår styling. 

 

På Nikita var det Lisa og Lisa Mari som gjorde jentene fine. Kristine frå Fylkesmagasinet var med for å skrive om kvelden. Jentene syns det var veldig kjekt å ha ein eigen "paparazzi" følgande etter dei

Live frå Fresh Frisør tok også turen til Handelshuset for å hjelpe til med å fikse jentene på håret til fotoshooten seinare på kvelden.



På Handelshuset er det mange som ville hjelpe til med make-up. Nina frå The Body Shop sminkar Jane.

Her blir Siw sminka av Eliane på Cosmetique parfymeri...

                                                                                   (foto: Kristine Slettehaug)                                                                         

... Jeanne Rita frå Ranels sminkar Cathrine.

Etter frisør og make-up bar det vidare opp i fotostudioet til Vidar Helle til ekte fotoshoot.

 

 

Jentene var godt fornøgd med kvelden då dei var ferdig fotografert og gleda seg til å komme heim for å grave igjennom "goodiebagane" sine.

 Det var kjempekjekt å ha jentene på besøk og eg trur alle hadde ein flott kveld.

 Tusen takk til Live frå Fresh frisør og Lisa Mari og Lisa på NIkita som lagde flotte frisyrer på jentene og Eliane fra Cosmetique Parfymeri,Nina fra The Body Shop og Jeanne Rita frå Ranels som sminka dei så flott. Takkar og Marcel, Vero Moda  for god hjelp til å finne klede. Tusen takk til dna og Eurosko som hjalp oss å finne sko som passa til antrekka, og fotograf Helle som tok bilete av den pynta gjengen. 

 

Og ikkje minst takk til alle dei butikkane som bidrog  med flotte ting i "goodibag" posane: The Body Shop, Ranels, VIC, VITA, Eurosko, Til bords,Spar, Nikita, Cosmetique Parfymeri og Vero Moda.

 

i neste nr. av Fylkesmagasinet (kjem ut 3. juli) kan du lese meir om denne fantastiske gjengen. Vi skal legge ut saken her på bloggen også så det er berre å følge med...

 

 

Vi gleder oss til besøk

Vi får snart besøk av seks flotte jenter. Vi gler oss stort til ein kveld med dei, og dette er litt av det som ventar dei. 

 

Følg med og finn ut kva som skjer her i kveld

 

Les mer i arkivet » Juni 2014 » Mai 2014 » April 2014
hits