Det blei ein super kveld!

På tirsdag hadde vi besøk av fem flotte jenter fra Øyrane Videregåande skule. Dette er ein fantastisk gjeng som vi ville gjere litt ekstra stas på.



 Til stormande jubel  fikk Jane, Siw, Astrid Helene, Cathrine og Nina kvar sin "goodiebag" fylt med gåver frå nokon av

butikkane på Handelshuset og etter litt påfyll av frukt og "champagne" satte vi igang. 

  

Først ut var det å finne seg nokon fine klede. På l Marcel fikk Nina og Siw tips og god hjelp av Veronica.

                                                                  (foto: Kistine Slettehaug)

På Vero Moda  var stemninga like god, og Silje var i full sving med å hjelpe Catrine, Astrid Helene og Jane til å finne noko fint å ha på seg.

Då alle var godt fornøgd bar det vidare til hår styling. 

 

På Nikita var det Lisa og Lisa Mari som gjorde jentene fine. Kristine frå Fylkesmagasinet var med for å skrive om kvelden. Jentene syns det var veldig kjekt å ha ein eigen "paparazzi" følgande etter dei

Live frå Fresh Frisør tok også turen til Handelshuset for å hjelpe til med å fikse jentene på håret til fotoshooten seinare på kvelden.



På Handelshuset er det mange som ville hjelpe til med make-up. Nina frå The Body Shop sminkar Jane.

Her blir Siw sminka av Eliane på Cosmetique parfymeri...

                                                                                   (foto: Kristine Slettehaug)                                                                         

... Jeanne Rita frå Ranels sminkar Cathrine.

Etter frisør og make-up bar det vidare opp i fotostudioet til Vidar Helle til ekte fotoshoot.

 

 

Jentene var godt fornøgd med kvelden då dei var ferdig fotografert og gleda seg til å komme heim for å grave igjennom "goodiebagane" sine.

 Det var kjempekjekt å ha jentene på besøk og eg trur alle hadde ein flott kveld.

 Tusen takk til Live frå Fresh frisør og Lisa Mari og Lisa på NIkita som lagde flotte frisyrer på jentene og Eliane fra Cosmetique Parfymeri,Nina fra The Body Shop og Jeanne Rita frå Ranels som sminka dei så flott. Takkar og Marcel, Vero Moda  for god hjelp til å finne klede. Tusen takk til dna og Eurosko som hjalp oss å finne sko som passa til antrekka, og fotograf Helle som tok bilete av den pynta gjengen. 

 

Og ikkje minst takk til alle dei butikkane som bidrog  med flotte ting i "goodibag" posane: The Body Shop, Ranels, VIC, VITA, Eurosko, Til bords,Spar, Nikita, Cosmetique Parfymeri og Vero Moda.

 

i neste nr. av Fylkesmagasinet (kjem ut 3. juli) kan du lese meir om denne fantastiske gjengen. Vi skal legge ut saken her på bloggen også så det er berre å følge med...

 

 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Handelshuset Førde

Handelshuset Førde

26, Førde

Dette er ein blogg som viser dagleglivet på Handelshuset i Førde. Litt om oss som jobbar her og produkta vi sel. Koseleg at du stikk innom!

Kategorier

Arkiv

hits