Nokre salstips frå butikkane på Handelshuset

Januarsalet er godt igang på Handelshuset. Det er framleis mogleg å gjere gode kupp under salet.  Eg har vore ei runde på nokon av butikkane våre, der eg har spurt dei ansatte kva dei vil anbefale kundane å kjøpe no når det er sal.



På The body shop har dei no bestselgarane mango, oliven og shea bodybutter 300 ml (mykje større enn vanlig stor boks) til 179,- (verdi 265,-) og 750 ml dusjsåpe i blandt anna moringa og oliven duft til 169,-  (ord 267)

På Din Sport har dei Ferrino skidress på - 35 % rabatt . Perfekt no som skisesongen endeleg er i gang! Dei har og satt ned prisen på mange modellar skibriller.


Dagfrid Mari på dna seier ho vil anbefale å kjøpe sko med god såle og varmt for, no når det er så kaldt og glatt ute. Desse skoa får du no på - 50 % (+ veeldig mange andre stilige og varme sko)

På B-young har dei ein heil vegg med flotte ytterjakker i alle fargar og fasongar til - 50 % Her finn du garantert ei jakke som held deg varm i vinter. (på biletet ser du kun eit lite utval)


Damene på Bare Barn anbefaler å kjøpe vinterdesstil barna.  Dei har stort utval i vinterdressar frå str. 74 til 140 i mange flotte fargar og mønster,  og no får du - 50 % på Reflex vinterdress og - 30 % på Reima vinterdress!!

No har Siri på Tilbords knalltilbod på kjøkkenmaskina alle vil ha! Kitchen Aid, cremefarga veil 5 999,- No 3 999,-!!

Dette er ei super kjøkkenmaskin,  den er enkel å bruke, har høg kvalitet og den ser i tillegg bra ut på kjøkkenbenken. 

Linn på Marcel vil anbefale gutta/menn å kjøpe seg ei god dunjakke no når dei får - 30 % på sesongens jakker


På Jack & Jones har dei - 30 % på ei mengd bukser og på Vero Moda har dei varme gode ytterjakker frå 200,-

Damene på Vic vil anbefale å kjøpe sesongens  skjorter til - 50 % og Ricco Vero skjorter til - 30 % . Dei har merkevareskjorter i alle fasonger og til alle anledninger

Dei har og masse herleg strikk til damene i gode kvalitetar til - 30 % Dei nevner og at dei har flotte ytterjakker til - 30 % på både dame og herre.

Eg må understreke at dette berre er eit liiiite utval av det som er på sal på Handelshuset! Det er berre å ta turen å sjå sjølv :)

Velkommen!

 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Handelshuset Førde

Handelshuset Førde

26, Førde

Dette er ein blogg som viser dagleglivet på Handelshuset i Førde. Litt om oss som jobbar her og produkta vi sel. Koseleg at du stikk innom!

Kategorier

Arkiv

hits