Vår inspirasjon med nytt magasin

Akkurat no held vi på med vårmagasinet til Handelshuset. Det er mykje som skal gjerast før eit magasin går i trykken. Tema skal velgast, modellar skal finnast, bilder skal takast, produkter skal plukkast ut, annonser skal lagast osv

Vi bruker alltid modellar som har tilknytning til huset. Mikal Solheim Eriksen (mamma Terese Solheim jobbar på Bare Barn) og Martine Nydal Kvien (mamma Ann Mari Nydal jobbar på Enklere Liv) skal vere covermodellar denne gangen. Men først  bar det opp i fotostudioet til vår fotograf Vidar Helle for å  ta bilete av vårnyheiter frå Bare Barn

 


Litt nasepussing må til :)

Så var det tid for coverbilete. Så skjønne, tolmodige og flinke modellar skal ein leite lenge etter :)

Men det er jo litt kjekt og, når is skal vere med på biletet...

Vår er jo den store festtida, så Tilbords dekka eit flott bord til oss for å vise korleis ein kan gjere det til den store festen.

Øystein Myrkaskog som jobbar på senterkontoret måtte trå til som modell for å vise vårmoter frå Match  og TrudeTenold frå Rein Design er med for å sjå at alt blir slik som ho vil ha det. Det er ho som designar magasinet vårt. 

Veronica Kalstad viser vårmote frå Marcel

Vår er også konfirmasjons tid, Gabriel Dale (sønnen til Karita Dale som jobbar på More Women) viser oss ein stilig dress frå Vic

Jeanne Rita på Ranels Parfymeri sminker den andre konfirmasjons modellen vår Sofie Farsund Bolsø,(datter av Malin Farsund på H&M)

Sofie har på seg ein flott kjole frå b-young

Og når alle bileta er tatt og Trude har satt opp magasinet, då må vi sjå om alt er med og om noko skal endrast.

Kva slags bilete skal vi bruke på framsida? Vanskeleg... Det var så mange fine bilete av desse to... 

No er det berre småplukk igjen og magasinet skal snart sendast til trykk. Vi gler oss til å vise dykk resultatet :)
Magasinet kjem i postkassa di 8 april!

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Handelshuset Førde

Handelshuset Førde

27, Førde

Dette er ein blogg som viser dagleglivet på Handelshuset i Førde. Litt om oss som jobbar her og produkta vi sel. Koseleg at du stikk innom!

Kategorier

Arkiv

hits