Bryllaupskveld

Igår var det bryllaupskveld på Tilbords. Dei hadde invitert med seg Bellis Blomster, Mestergull og Ferske Smakar for å hjelpe og tipse kommande brudepar.



Dei som tok turen blei møtt med kakesmaking frå Ferske Smakar.



Gudrun Johanne og Anette hadde diska opp med fleire smaksprøver, og gjett om dei var gode!


 moms moms

Og flotte bryllaupskaker hadde dei laga også!




Anette har erfart at alle brudepar er ulike. Nokon bestiller ei veke før bryllaupet (absolutt ikkje å anbefale), mens andre bestiller allereie eit år i forvegen. Det kan vere lurt å vere ute i god tid slik at ein får den kaka ein ønskjer seg seier ho. Både Gudrun Johanne og Anette er utdanna konditorar og brenn for faget. På facebooksida deira kan du sjå ein mengde med flotte kreasjonar dei har laga, og all pynten er handlaga! Dei hjelper med å finne smakar som passar perfekt saman med kvarandre etter dine ønskjer. På kafeen i 3 e. finn du og eit utval av dei gode kakene i kakedisken. 



Eli på Mestergull fortel at Lykkeringane til Mestergull er eit fantastisk konsept der det ikkje er nokon avgrensingar på kva du ønskjer. Dei har ringar i gull, kvitt gull, platina, m diamant, farga diamantar, mønster, ulike overflater osv osv. Eli anbefalar å gå inn på lykkeringene.no å sjå, eller komme inn i butikken for inspirasjon og veiledning. På Mestergull har dei ringar i alle prisklassar så her er det noko for alle.

Bellis Blomster har laga nokon nydelege bukettar for anledingen. Dei har og laga festbord dekorasjonen som ligg på eine inspirasjonsbordet til Tilbords. 



Dei kan lage den buketten du ønskjer eller dei kan hjelpe deg med å finne ut kva du ønskjer. Dei elsker jobben sin og det ser du virkeleg i dei bukettane dei lagar. 

På Tilbords hjalp Siri og dei andre jentene brudepara med å skrive ønskjelister. Dei veileder deg gjennom vareutvalet og set ønskjelistene opp slik at det er noko i alle prisklassar. Det er veldig greitt for gjester, naboer og ellers dei som vil gi brudeparet ei gåve på den store dagen. Då får brudeparet noko dei ønskjer seg og det er mindre sjangse for bytte bonanza i tida etter bryllaupet. 

Asgeir Holsen var ein av gjestane denne kvelden og han syntest det var veldig nyttig og greit å vere med på ein slik kveld. Han sa dei hadde fått eit bedre blikk av kva dei vil ha på den store dagen. Ellen Marie (den vordene brud) nikka einig. 

 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Handelshuset Førde

Handelshuset Førde

27, Førde

Dette er ein blogg som viser dagleglivet på Handelshuset i Førde. Litt om oss som jobbar her og produkta vi sel. Koseleg at du stikk innom!

Kategorier

Arkiv

hits