VIP jentekveld på MATCH

Match har i samarbeid med Synnøve Sorthe, Gründer av Piaf Modeller og Synnøve Sorthe Photography laga til VIP kveld for sine kunder. 

Synnøve reiser rundt i heile Norge med sine kundekvelder, og på  sin blogg www.modellmamma.blogg.no skriv ho  " «Modellmamma» siden 1987 for modeller i ALLE varianter, unge, gamle, tynne og tykke. Utdannet Makeup artist og stilkonsulent, Kursholder innen MAKEUP, BLI-NY OG MODELLKURS, med mål å få deg til å FØLE DEG VEL, TRO PÅ DEG SELV, OG SETTE PRIS PÅ DEG SELV! Lidenskapelig opptatt av FOTOGRAFERING" Og det er vel noko vi alle kunne bli flinkare til; føle seg vel, tru på seg sjølv og sette pris på oss sjølv? 

Denne kvelden skulle Synnøve gi tips om makeup, farger/stil, og tar flotte portrettbilete av alle i vårens nye moter.

Damene blei møtt med rød løper, frukt, wraps, godteri og bobbler i glaset



Damene skulle lære å ta i mot og gi kompliment, slappe av, stresse ned og berre kose seg

 

Dei skulle bli sminka i fargane dei kledde best, og finne kle dei var komfortabel med, styla på håret av frisørar frå Hårologisalongen før det var fotografering.




Alle fikk kyndig hjelp frå dei dyktige jentene på Match

Dei var fleire som hadde tatt vegen langveis frå og ei av dei var Siv Maren Hetleberget som bur på Kyrkjebø. Ho fortel at det er andre gangen ho deltek på eit slikt arrangement, og at dinna gangen tok ho med seg fire arbeidskollegaer. - kjempekoseleg, ha god tid og ingen menn som sitter å kjeder seg og ser på klokka, ler ho. Ho var godt fornøgd med kjøpet (denne kvelden fikk alle - 20 % på det dei handla) Kjekt med nåken fargerike kler til våren sier ho.

Ei anna som hadde tatt turen var Beate Pedersen frå Hyllestad. Ho ville vere med for ho syns det virka veldig kjekt og så er eg jo jente og då er det jo kjekt med slike kvelder, smiler ho. Ho seier og at det å få hjelp av profesjonelle til å sjå kva ein kler, og dette med at ein lever litt i sin eigen stil og at ein kan få tips på kva ein kan passe, som du kanskje ikkje hadde sett sjølv at du kler er og ein grunn til at ho deltar på dette arrangementet. Og så er det litt kjekt å bli dulla med og då, og ikkje minst få tips på kva fargar som kler deg. 

Firda sin journalist Mathilde Torsøe var og der for å dekke saken. Du kan lese den på nettsida til Firda i dag og i morgon kjem det ein artikkel i Firda. Kjempekjekt at dei ville komme :)

Før bildetakinga blei damene kursa i korleis dei skulle stå. Synnøve fortel at det er viktig med rett positur, står du feil kan du legge på deg 5 kg på biletet! (det var eit eller anna med den bakerste foten, du skal stå på den og vri deg litt, skjønner?)



Alle fikk og goodiebag før dei gikk (og vi eeelsker jo goodiebags ikkje sant?)

Ikveld er det klart for ein ny VIP kveld på Match og eg er sikker på at dei som skal vere med ikkje kjem til å bli skuffa :)

 

 

 


 

Én kommentar

Kristi Pedersen

10.04.2014 kl.11:23

så koselig! ha en flott dag <3

10.04.2014 kl.22:02

Takk det samme Kirsti :)

Skriv en ny kommentar

Handelshuset Førde

Handelshuset Førde

27, Førde

Dette er ein blogg som viser dagleglivet på Handelshuset i Førde. Litt om oss som jobbar her og produkta vi sel. Koseleg at du stikk innom!

Kategorier

Arkiv

hits