28.05.2014

 

LARRIS-utstillinga på Handelshuset!

LARRIS-utstillinga er eit utstilling av kunstverk laga av barn på barne- og ungdomsskular i Førde, i Vevring, i Eikefjord og på Vassenden. Laurdag 31. mai blir samtlege kunstverk utstilt på dagtid på eit areal ved Rådhuset i Førde (under taket). Her kan publikum by på nokre av kunstverka. Alle inntekter frå utstillinga og auksjonen skal gå til lokale trivselstiltak som elevane sjølve er med på å bestemme. Elevane har lete seg inspirere av Kjartan Slettemark, Oddvar Torsheim og Nikolai Astrup osv- og eigen fantasi. Fantastisk flott er utstillinga blitt, og Handelshuset er så heldige å få vise fram noko av kunsten på LARRIS-utstillinga før den skal utstillast ved Rådhuset.

 

I dag kom nokre av elevane frå 7 klasse ved Førde barneskule for å henge opp dei flotte kunstverka sine som er inspirert av Claude Monet.




 

 

 

Her viser Tarald Bakke Grimeland, Sigve Mandelid og Karoline Aarseth Folkestad fram sine maleri

Sebastian Tveit foran sitt verk

 


og Andreas Timberlid Soyanov foran sitt maleri.

 

 

Flinke sant? 

Når du går over skywalken anbefaler eg å sette dykk ned å ta ein titt på desse flotte kunstverka som elevane frå Førde barne- og ungdomskule har laga.

 

På laurdag er det show på skywalken!

 

Som en del av festivalen LARRIS vil det bli Show på Handelshuset, Skywalken, laurdag 31 mai kl 12.30 med dansegruppa VRENGT (som er ein del av Dans Utan Grenser) og UKM-vinnarane Martine Håland frå Fjaler, Sander Østby Birkeland frå Førde og Charlotte Hjelmeland og Fride Roska frå Førde. Martine Håland var ein av dei 5 UKM-vinnarane som tidlegare i år kvalifiserte seg for den nasjonale UKM-finalen. 16-åringen skriv eigne låter, og blir av mange spådd å ha ei lysande karriere innan musikken. Sander, Charlotte og Fride markerer seg stadig sterkt på musikkscena, og Sander har mellom anna vunne MGP Lokal og stått framfor 3000 menneske på MGP-scena i Florø.  Saman med den talentfulle dansegruppe VRENGT vil Martine, Charlotte & Fride og Sander lage eit flott show på Skywalken laurdag 31 mai. Alle skal stå på festivalscena til LARRIS på Rådhusplassen seinare på dagen.

 

 


 




 

Tek du turen innom Skywalken vil du altså både kunne sjå og høyre dei flotte kunst- og musikktalenta vi har i fylket!

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Handelshuset Førde

Handelshuset Førde

27, Førde

Dette er ein blogg som viser dagleglivet på Handelshuset i Førde. Litt om oss som jobbar her og produkta vi sel. Koseleg at du stikk innom!

Kategorier

Arkiv

hits